Me sel vanleg norsk gran og fjelledelgran
Sjå også facebook sida vår.
Fjelledelgran
Dette er ei slank, smal og kjegleforma edelgran med mange mellomgreiner. Ho duftar aromatisk, frisk og syrleg granlukt, og held godt på nålene sjølv etter fleire veker i stova.
Fjelledelgrana har mange fargevariantar frå grønt, blågrønt til blått. Grana kjem opprinneleg frå det nordvestlege Amerika, der ho vekst naturleg over store områder. No blir ho dyrka som juletre på Vestlandet, og her på Asperheim satsar me mest på dette treet som juletre. Fjelledelgrana er rekna som ein norsk spesialitet.
Juletreet si historie
Juletreskikken tok til allereie tidlig på 1500-tallet. I det katolske Sør-Tyskland og i Sveits pynta dei forsamlingslokala med tre. Frukt og kaker blei hengde på greinene, og på trettandedagen fekk borna hausta treet. I løpet av 1800-tallet vart juletreet kjent i det meste av Europa og Amerika. Det var tyske misjonærar, utvandrarar og forretningsfolk som tok tradisjonen med seg. I Storbritannia vart juletreet vanleg etter at dronning Victoria og hennes tyske prinsgemal Albert tok opp tradisjonen midt på 1800-tallet. Eit av Danmark sine fyrste juletre vart tent på godset Holsteinborg i 1808. Welhaven og Wergeland gjorde folk kjende med den nye tradisjonen gjennom sine dikt. Eventyrsamlaren og forstmannen Peder Chr. Asbjørnsen ga i 1850 ut eit julehefte med namnet «Juletræet». Juletreet på Universitetsplassen i Oslo vart reist fyrste gong i 1919. Verdens høgste juletre skal visstnok ha stått i eit kjøpesenter i Washington i 1950. Treet var 67 meter høgt. I dag har over 90% av norske husstandar tradisjon med å pynta eit tre til jul. Grantreet er mest brukt som juletre her i Noreg, med edelgran på ein god andreplass.–
Juletreet i Norge
I Norge var det prestar og lærarar i byane som innførde tradisjonen med juletre. I Christiania blei det fyrste juletreet registrert i 1822. Mange meinte at dette var ei form for avgudsdyrking og dans rundt gullkalven. Juletrefestar i skulane sin regi starta her i landet midt på 1800-tallet. Dette merdverka til å gjera juletreet kjent i bygdene.
Stell av treet
Vil du ha eit flott tre gjennom heile jula må du stella pent med det. Tips: –Treet må akklimatiserast. La det stå i garasje eller kjellar i eit døgn før du set det inn til pynting. – Sag av ei tynn skive (2-3cm) av rotenden før du set treet i juletrefoten. Dette er viktig for å laga ei åpen flate så treet kan trekka vatn. – Pass på at treet alltid har friskt og kaldt vann. - Unngå å plassere treet for nær varmekjelder.